2 Klart og korrekt språk tilpassa målgruppa
Språket vi brukar skal vere klart og korrekt, og godt tilpassa målgruppa det er skrive for.
- «Klart», betyr at det er god struktur og samanheng i teksten, og at vanskelege ord er forklarte.
- «Korrekt», betyr at vi rettar oss etter den offisielle rettskrivinga. Den finn du i desse ordlistene for nynorsk og bokmål, og i desse ordlistene for lulesamisk, nordsamisk og sørsamisk.
- At språket skal vere «tilpassa målgruppa», betyr at vi ordlegg oss annleis når vi vender oss til privatpersonar enn når vi skriv til andre saksbehandlarar (jf. § 9. Klart språk).
- «Pliktreglane» i språklova (§§ 12 til 18) gjeld for fylkeskommunen inkludert tannklinikkane og administrasjonen ved dei vidaregåande skulane. Unntaket er «opplæringsfeltet» ved skulane, som er regulert i opplæringslova.