9 Kunstig intelligens
Verktøy som brukar kunstig intelligens til oversetting til samiske språk, bokmål, nynorsk og andre språk er i stadig utvikling. Nokre av desse vil verte ein god ressurs for oss over tid.
For å effektivisere prosessen med oversetting er det fornuftig å teste ut slike verktøy. Førebels tilrår vi at slike oversettingar vert kvalitetssikra av kvalifisert personell.
Hugs at informasjon som er unntatt offentlegheit, som inneheld personopplysingar, som er kritisk for sikkerheita til fylkeskommunen, eller der 3. person/organ har opphavsrett ikkje skal matast inn i slike verktøy.