1 Språklova og språkkrava i samelova gjeld når vi kommuniserer eksternt
Språklova gjeld for skriftlege dokument (brev, e-post, nettsider, planar og tilsvarande) som vi sender ut frå fylkeskommunen. Protokollar og innstillingar til folkevalde er unntatt.
Språklova gjeld ikkje for internt saksarbeid. Det inneber at du kan utforme interne saksdokument, tekstar til intranett og liknande på det skriftspråket du ønsker (jf. § 3. Verkeområde).
Det følger av samelova at dei samiske språka og norsk er likeverdige språk, og at sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk er likestilte med norsk i forvaltingsområdet for samiske språk. I Nordland gjeld dette per i dag kommunane Hattfjelldal (sørsamisk) og Hamarøy (lulesamisk). Saltdal har søkt om å bli nordsamisk forvaltningskommune, og har fått signal om at det blir en realitet fra 01.07.2025
Føremålet med språkreglane i samelova er å bevare og utvikle samiske språk ved særleg å styrke bruken av språka i offentleg samanheng.
Samelovas språkreglar er minimumsreglar. Alle offentlege verksemder er oppfordra til å ta omsyn til brukarar av samiske språk også ut over lovas reglar.